Praktiske opplysningar: 

Opningstider: 8.00- 15.00

Besøksadresse: Øyrane 2 i Førde

Kontaktinfo til din rettleiar finn du HER

 

I kantina kan du kjøpe varm drikke på automat og ta med matpakke.  

Frukost: 9.30-9.45      Lunsj: 12-12.30

 

velkommen til mentro

Mentro er ei arbeids og inkluderingsbedrift. Formålet vårt er å bidra til at personer som står utanfor arbeidslivet kjem i lønna arbeid. Vi bistår deg på vegen tilbake til arbeid, eller til eit nytt yrkesval.  Vi  samarbeider tett med næringslivet, slik at vi kan finne riktig jobbmatch for deg. 
 

     Her kan du laste ned velkommenbrev

 

Hos oss kan du: 

  • Delta på korte kurs eller lengre tiltak - alltid med jobbfokus.
  • Kartlegge dine ressursar og interesser
  • Få hjelp til å ta val når det gjeld utdanning, opplæring og arbeid
  • Få ein døropnar til rett bedrift
  • Prøve ut nye yrker
  • Få oppfølging i overgangen til ny jobb.

 

Dette må du vite når du skal delta på kurs eller oppfølging hos Mentro:

Oppmøte: Møt alltid til avtalt tid. Ved sjukefråver skal du melde frå til både arbeidsgjevar og Mentro så fort som mogleg og alltid samme dag.  Du finn kontaktinformasjon på nettsida  www.mentro.no.  Du melder direkte til din kontaktperson.

Du har rett til fri dersom du skal til lege, tannlege eller anna naudsynt behandling. Du har og rett på fri for å delta i gravferd til nær familie og i inntil 10 dagar ved alvorleg sjukdom  i nær familie. Fråveret skal avtalast og må kunne dokumenterast. 

Andre avtalar bør du planlegge utanom kurs og arbeidstid.  Du kan bli bedt om dokumentasjon på fråver.

Klede og hygiene: Møt alltid i klede som passar til det du skal gjere. Ha kle som er reine, heile og nøytrale. Ver stelt på hår og skjegg. Ha god kroppshygiene. 

Arbeidstider og pausar: Følg arbeidstider og pausar som avtalt. Treng du å endre på noko ta først kontakt med leder på arbeidsplassen eller din jobbkonsulent på Mentro. 

Ferie skal søkast om i god tid på førehand og godkjennast av NAV.

Politiattest  -enkel eller utvida, kan krevast i enkelte yrker og studie. 

Bruk av rusmiddel: det er nulltoleranse for rusbruk på jobb og kurs. Mentro er ein røykfri arbeidsplass.  Undersøk og respekter alltid røykereglar når du er i arbeidspraksis. 

Privat bruk av pc og mobiltelefon skal avtalast med arbeidsgjevar. Legg vekk telefonen når du er på jobb og kurs. 

Datalagring: Alle opplysningar vert sletta 3 månader etter avslutta kurs eller tiltak hos mentro. Rapportar kan då kun hentast hos NAV. Ref personopplysningslova §13. jf §15