MENTRO - får folk i arbeid

Mentro er ei arbeids og inkluderingsbedrift. Formålet vårt er å bidra til at personer som står utanfor arbeidslivet kjem i lønna arbeid. Vi har lokaler på Øyrane i Førde og samarbeider med NAV og næringslivet i Sunnfjord.

 

 

EIGARAR OG SAMARBEIDSPARTAR: Mentro a/s er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune, som har aksjemajoritet. Kommunane Jølster, Naustdal, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Solund samt Norges Handikap Forbund, Sparebanken Sogn og Fjordane og Den Norsk Bank har også aksjepostar. 

Mentro er medlem av NHO Service i bransjeforeininga NHO Arbeids & Inkluderingsbedriftene. Mentro er også medlem av Førde industri og næringssamskipnad (FINS) og er sertifisert etter Europeisk standard for sosiale tenester Equass.

 

METODIKK: Med Mentro som rettleiar og døropnar får deltakarane korte kurs eller lengre tiltak -  etter behov og alltid med jobbfokus.  Mentro har stort kontaktnett i næringslivet og kjenner rekrutteringsbehova. Vi koplar jobbsøkar og bedrift og sørger for at dei vert godt kjent. Målet er at begge partar skal vere så fornøyd at jobbsøkaren til slutt vert tilsett. 

Vi nyttar anerkjende verkty som WIE, MI og SCI,  Ringer i vannet og Supported employment.