Back to All Events

Jobbsøkarkurs startar 28 juni


Jobbsøkarkurs startar 28 juni

Jobbsøkarkurset tar for seg jobbsøkarprosessen frå fleire sider. Jobbsøking er ein sjølvutviklande prosess. Å skrive ein søknad og CV er berre ein liten del. 

No går mesteparten av jobbsøkinga på nett via databasar og portalar. Vi anbefalar difor alle jobbsøkarar å få med seg dette kurset, slik at du er oppdatert på korleis arbeidsgjevarane ynskjer søknadane i 2018. 

Varigheit: 

Torsdag 28 og fredag 29 juni klokka 09-15.00. Kurset vert gjennomført i Mentro sine kurslokaler på Øyrane 2.

Innhald:

  • Kartlegge kompetanse
  • Kartlegge personlege eigenskapar
  • Innhaldet i Jobbsøknaden
  • Innhaldet i CV’en  
  • Jobbsøkarlogg
  • Finne og analysere stillingsannonse
  • Skrive eigen søknad
  • Lage CV
  • Jobbsøk
  • Individuell Intervjutrening

Praktisk informasjon for deg som skal på jobbsøkarkurs: 

Deltakarane må ha grunnleggande datakunnskap, kunne forstå og bruke Word tekstbehandling. Vi ynskjer at alle bruker Mentro sine datamaskiner. Du får arbeidshefte og minnepenn.  Fungerande mailadresse er avgjerande for gjennomføringa.

Ta med matpakke eller kjøp enkel lunsj i Mentro-kantina.  Gratis kaffe til kursdeltakarar. 

Påmelding: Send epost med namn på deltakar til Halvard@avdem@mentro.no eller kontakt din jobbkonsulent.