Back to All Events

Jobbsøkarkurs startar 19 mars - påmelding innan 5 mars


Jobbsøkarkurs startar 19 mars

Jobbsøkarkurset tar for seg jobbsøkarprosessen frå fleire sider. Jobbsøking er ein sjølvutviklande prosess. Å skrive ein søknad og CV er berre ein liten del. 

Varigheit: 

2 veker: 4 dagar,  klokka 09-15.00. Kurset vert gjennomført i Mentro sine kurslokaler på Øyrane 2.

Innhald: 

24 undervisningstimar. 

  • Kartlegge kompetanse
  • Kartlegge personlege eigenskapar
  • Innhaldet i Jobbsøknaden
  • Innhaldet i CV’en  
  • Jobbsøkarlogg
  • Finne og analysere stillingsannonse
  • Skrive eigen søknad
  • Lage CV
  • Jobbsøk
  • Individuell Intervjutrening

Praktisk informasjon for deg som skal på jobbsøkarkurs: 

Deltakarane må ha grunnleggande datakunnskap, kunne forstå og bruke Word tekstbehandling. Vi ynskjer at alle bruker Mentro sine datamaskiner. Du får arbeidshefte og minnepenn.  Fungerande mailadresse er avgjerande for gjennomføringa.

Ta med matpakke eller kjøp enkel lunsj i Mentro-kantina.  Varme drikker kan kjøpast på automat. kr 5 pr kopp. 

Påmelding: Send epost med namn på deltakar til halvard.adem@mentro.no

Earlier Event: March 8
Jobbsøkarkurs startar 8 mars
Later Event: June 28
Jobbsøkarkurs startar 28 juni