_RAW7163 (1).jpg

Tidleg jobbfokus gjev resultat

Dagleg leiar Kjartan Kvellestad meiner dei gode resultata kjem av at bedrifta har teke i bruk gode verktøy for tidleg jobbfokus hos deltakarane. 

best i landet

58,3 prosent av Mentro-deltakarane kom i arbeid og 8,3 starta utdanning i første halvår i år.  - Det er best i landet.

 

Gode resultat

Mentro scora høgast på formidling til arbeid i AFT- tiltaket.  58,3 prosent av Mentro-deltakarane kom i arbeid og 8,3 starta utdanning i første halvår i år.   Sogn og Fjordane er godt representert i statistikken med Sogneprodukt på andreplass.

Undersøkinga er gjort av bransjeforeninga for arbeids og inkluderingsbedriftene. 

 

Tidleg jobbfokus og gode verktøy

Dagleg leiar Kjartan Kvellestad meiner dei gode resultata kjem av at bedrifta har teke i bruk gode verktøy for tidleg jobbfokus hos deltakarane.  Det er kjekt å sjå at det vi har jobba for gjev resultat seier han om den gode statistikken. 

 

Arbeidsforberedeande trening (AFT) er eit nytt tiltak som er innført i alle fylke gjennom 2017. . Det er i snitt ca. 8 000 brukarar som gjennomfører tiltaket årleg. Tiltaket tilbys personar med nedsatt arbeidsevne, som har særleg usikre yrkesmessige forutsetningar og som har behov for særleg tett oppfølging og tilrettelegging. Alle deltakarar skal få tilbod om arbeidstrening i ordinært arbeidsliv i løpet av tiltaksperioden, med oppføljing av tiltaksarrangør. Tiltaket skal ha fokus på overgang til ordinært arbeid. Det er ei målsetting at 50 % av deltakerne skal over i ordinært arbeid eller utdanning.