velkommen til eit godt samarbeid!

Mentro hjelper folk i jobb. Dette har vi lang erfaring med og oppnår gode resultat. Mentro samarbeider tett med næringslivet og er gode på å finne rett "match". Vi meiner vegen tilbake til jobb bør skje i reelle arbeidsmiljø. Vi skreddarsyr også kurs for næringslivet.

 

Petter Stordalen, eier Strawberry og Nordic Choice Hotels brenn for inkludering på NHOs årskonferanse 2018

Når du rekrutterer i samarbeid med Mentro får du: 

  • Eigen bedriftskontakt
  • Prøve ut deltakar før tilsetting
  • Trygg og kostnadsfri rekruttering
  • Vise samfunnsansvar

 

Deltakaren frå mentro opplever:

  • Korte kurs eller lengre tiltak - alltid med jobbfokus.
  • Systematisk kartlegging av ressursar og interesser
  • Ein døropnar til rett bedrift
  • Eigen kontaktperson som føl opp i praksis og overgang til ny jobb. 

 

Sjå korleis du kan verte ei Ringer i Vannet - bedrift! Ringer i Vannet er ein rekrutteringsstrategi som koplar menneske som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet med NHO-bedrifter. 

 

Ringer i Vannet er ein rekrutteringsstrategi som koplar menneske som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet med NHO-bedrifter.  Gjennom "Ringer i vannet" metodikken har vi kontakt med mange NHO-bedrifter i Sunnfjord. Vi er aktivt ute for å kjenne deira behov for arbeidskraft.  Sjå filmen eller besøk NHO sine Ringer i vannet-sider.