ARR - Arbeidsretta Rehabilitering

Arbeidsretta rehabilitering skal styrke den enkelte si arbeidsevne og bidra til meistring av helserelaterte og sosiale problem som hindrar deltaking i arbeidslivet. Målet er at deltakaren skal kome i eller bli verande i arbeid. 

 

Under er orientering til sakshandsamar.  Velkommenbrev til ARR- deltakar kan du skrive ut HER. 

 

For kven: 

Personar som er sjukmeldte og/eller har fått si arbeidsevne nedsett slik at ein er hindra i å behalde eller skaffe seg inntektsgjevande arbeid. 

Resultat: 

Dei som har jobb:  Minimum 60 % av dei som deltek i ARR skal ha redusert sjukmeldingsgrad til minst halvparten etter to veker etter tiltaksdeltakinga.

Dei som ikkje har jobb: Minimum 60% skal innan åtte veker etter avslutta tiltak enten vere friskmeldt til NAV og registrert som arbeidssøkjar eller  i arbeid eller arbeidsretta aktivitet i ordinært arbeidsliv i samarbeid med NAV. 

Varigheit: 

4 veker - moglegheit for forlenging med inntil 4 + 4 veker, max 12 veker totalt. 

Innhald: 

20 timar strukturert arbeidsretta rehabilitering pr veke.  ARR består av 3 fasar:  Kartleggings, endrings og utviklingsfasen. Opplegget vert individuelt og kan for eksempel sjå slik ut: 

Kartlegging: Kartlegging av aktivitetar: registrere sjukmeldingsprosent, helsekartlegging, kartlegge bistandsbehov, interessekartlegging,

Endring: rettleiing i CV og jobbsøk, opplæring i ergonomi meistring av smerter,  meistring av psykisk sjukdom, stressmeistring, fysisk aktivitet, livstilsrettleiing, rettleiingsamtalar. 

Utvikling: Kontakt med arbeidsgjevar, forventningsavklaring mellom arbeidsgjevar og den sjukmelde, vurdere tilrettelegging, ergonomi, vurdere psykososialt arbeidsmiljø, arbeidsplassanalyse. 

 

Påmelding:

Ta kontakt med din NAV rettleiar. 

*For NAV: Mentro er underleverandør av dette tiltaket. Når du søker inn velger du Sogneprodukt som tiltaksarrangør- Sjå evt Arena pkt 9.2.2

Fagleiar: Arnhild Mallasvik