ARR - Arbeidsretta Rehabilitering

Arbeidsretta rehabilitering –ARR- er eit kort tiltak i 4 veker for deg som er sjukmeldt og/eller har fått arbeidsevna nedsett slik at du er hindra i å behalde eller skaffe deg inntektsgjevande arbeid. 

Tiltaket skal styrke arbeidsevne ved å bidra til å bygge opp gode meistringstrategiar slik at du kjem deg ut av sjukmelding og tilbake til arbeidslivet.

 

Velkommenbrev til ARR- deltakarar kan du laste ned her. 

 

INNHALD: 

Som deltakar i ARR vil du få din eigen kontaktperson hos Mentro. Saman formar de eit individuelt tilpassa tiltak med 20 timar arbeid i veka. Opplegget vert tilpassa individuelt og består av 3 fasar:  Kartlegging, endring og utviklingsfasen. 

 

Typiske aktivitetar i ARR kan vere:

Kartlegging: Registrere sjukmeldingsprosent, helsekartlegging, kartlegge bistandsbehov og interessekartlegging.

Endring: Rettleiing i CV og jobbsøk, opplæring i ergonomi, meistring av smerter, meistring av psykisk sjukdom, stressmeistring, fysisk aktivitet, livstilsrettleiing, rettleiingsamtalar. 

Utvikling: Kontakt med arbeidsgjevar, forventningsavklaring mellom arbeidsgjevar og den sjukmelde, vurdere tilrettelegging, ergonomi, vurdere psykososialt arbeidsmiljø, arbeidsplassanalyse. 

 

Nokre gongar kan det vere behov for å forlenge tiltaket, maxgrensa er 12 veker.

I perioden du er på Mentro har du tilgang til å nytte våre lokaler frå klokka 8 til 15: Her finn du kantine, pcar, grupperom og treningsrom. Du avtalar nærare med din jobbkonsulent.

 

Praktisk: Første gongen du møter Mentro vil vere i ein kort oppstartsamtale på ca ein time. Du vil få SMS-innkalling av din jobbkonsulent. Oppmøte er på Øyrane 2 i Førde. Du finn informasjon om bedrifta på www.mentro.no

 

Velkommen!

Påmelding: Ta kontakt med din NAV rettleiar. 

Fagleiar: Arnhild Mallasvik