AFT - ARBEIDSFOREBUANDE TRENING

AFT er for deg som har fått arbeidsevna nedsett slik at du er hindra i å behalde eller skaffe deg inntektsgjevande arbeid. AFT er eit lengre tiltak, ein startar med eitt år. Nokre får seg jobb på kortare tid, andre gongar forlengar me opp til tre år.

Velkommenbrev til AFT - deltakar kan du laste ned her. 

 

INNHALD:

 

Oppstart: Første gongen du møter Mentro vil vere i ein kort oppstartsamtale på ca ein time. Du vil få innkalling på SMS. Oppmøte er på Øyrane 2 i Førde. Du finn informasjon om bedrifta på Mentro.no

AFT vert no din hovedaktivitet. Eit vanleg AFT opplegg er 30 timar i veka. Trening og naudsynt behandling tel med i desse timane. Viss du tenker at kapasiteten din er mindre enn 30 timar i veka så er det viktig at det kjem fram i oppstartsamtalen.

 

Planleggingsmøte: Du og din jobbkonsulent på Mentro lagar ein timeplan for korleis vekene dine skal sjå ut framover. I timeplanen vil det vere både kartleggingsamtalar og klasseromsundervisning. Du vil også få oppgåver og ansvar du skal løyse på eiga hand.

 

Kontakt med næringslivet: Så snart som råd og for dei fleste innan 4 månader fortset vi oppfølginga di ute i bedrift. Gjerne kombinert med opplæring, trening eller kurs i  Mentrolokalet. Vi har også eigne produksjonslokale viss du treng å prøve deg ut ein periode i skjerma eller tilrettelagt arbeid.

 

Arbeidsplass: Alle AFT-deltakarar på Mentro har tilgang til å nytte våre lokaler frå klokka 8 til 15 og kan bruke huset her som sin arbeidsplass.  Her finn du kantine, du kan låne pcar, du har gratis internett, tilgang på grupperom og treningsrom. Du kan få hjelp til å printe ut til dømes cv og søknadar, eller scanne attestar. For å komme i gang med treningsrommet bestiller du time til treningsveiledning.

 

Påmelding:

Kontakt din NAV rettleiar

 

 

Fagleiar: Arnhild Mallasvik